Det var ein vakker sommar dag. Sola skein og fuglane kvitra, og eg syntes det var perfekt vær for ein dukkert.
Eg hadde fylt vatn i bassenget dagen før og temperaturen var herleg! Eg la meg godt til rette i badestolen min mens eg nippa til eit glas med frisk sitronbrus. Badestol, det høyres kanskje litt rart ut meg det var ein lyseblå oppblåselig stol som flaut i vatnet. Eg høyrde eit plask bak meg. Eg snudde meg brått! Og der i vatnet låg det eit ekorn og kava og prøvde å komme seg opp frå vatnet. No forsvann han under også kom han opp, geispa etter luft og forsvann igjen. Eg kasta meg uti etter han, slengde glaset opp på land så det gjekk i tusen knas. No kunne eg ikkje sjå han. Eg dukka under og fekk sjå han, han var så skjønn der han svevde mellom liv og død. Eg veit det høyres makabert ut men eg er av den typen som syns at makabre ting er ganske skjønne. Eg fekk tak rundt den litle kroppen og fekk løfta han opp, han geispa etter luft. Eg låg han i solstolen under parasollen som stod på bassengkanten. Og så sprang eg inn og henta eit handkle, og pakka den litle kroppen inni det kvite handkledet. Han opna augo og såg på meg med nøttebrune auge, han var gyllen brun i pelsen og hadde ei skjønn lita stripe som gjekk nedover langs ryggen frå nase- tippen til tuppen på halen. Men halen var litt merkeleg, den var ikkje så stor og pjuskete som halane til dei andre ekorna eg hadde sett i parken. Denne var berre ein liten stump ca ein cm lang.
- Du var då ein skjønn ein! Sa eg og såg på den litle tassen som låg i armane mine der eg sat under parasollen.
Eg bar han inn og varma litt mjølk som eg prøvde å gje han gjennom ei dukketåteflaske eg lånte av litlesystera mi. Han låg der som ein baby i armane mine og sutta på flaska. Då mamma kom heim hadde den litle tassen sovna i dokkehuset til systera mi. Eg fortalde kva som hadde hendt, og viste henne den litle tassen som eg hadde kalla Nusse. Mamma falt pladask for han, men han verka i litt dårleg form så vi måtte ta litle Nusse til dyrlegen, men først skulle vi hente litlesystera mi i barnehagen. Eg hadde lagt Nusse i ei dokkevogn slik at eg kunne trille han. Når Miriam kom inn i bilen vart ho sur fordi eg hadde tatt med dokkevogna hennar utan og spørje om lov, men når eg fortalde ho om Nusse var det heilt greitt. Når vi kom til dyrlegen måtte vi sitte på eit lyst varmt venterom, det lukta tannlege og helsesyster på ein gong. Eg hadde ikkje vore på eit dyre-sjukehus før. Det var mange andre der også, nokon hadde ein katt i ein reisekasse eller ein hund som halta i band. Det var til og med ei som hadde med seg ein grevling som hadde gått i ei kaninfelle og var ikkje skada nok til at dei kunne avlive han. No var det vår tur og ei dame i kvit frakk kom ut og sa at dyrlegen var klar for oss no. Ho var ganske høg, med mørkt- blondt hår og grøne auge, ho såg ut som at ho var ca: 30 år gamal. Dyrlegen var ein mann i førtiåra, han var veldig snill og hyggeleg. Og han hadde på seg den same type frakken som dama som hadde ropt oss opp. Eg måtte fortelje historia mi ein gong til. Dyrlegen (som forresten heitte Rolf) undersøka Nusse, og han kom fram til at Nusse var heilt frisk. Nusse var berre litt forskremt etter ulykka, men han kom seg fort og snart hoppa han rundt i trena i hagen vår. Etter at eg hadde sleppe han laus, fann eg eit hol i det eine treet der Nusse hoppa inni. Eg følgde etter og oppdaga eit reir inni hola. Og der satt Nusse i lag med mange små ekorn babyar rundt seg. Og då skjøna eg at Nusse var ei jente, eller ei dame. Og eg følgde dei små ekorna i oppveksten, hjalp Nusse med å finne mat og holde styr på dei små babyane. Det var den beste sommaren eg har hatt til no. Og ungane veks fort, og no hopper de fram og tilbake i trena, og ein gong var det at ein av dei hoppa inn vindauge mitt mens eg sov og når eg vakna låg han på hovud puta mi og snorksov. No er alle de sju babyane vaksne og har sine eigne familiar. Og Nusse har fått endå eit kull med fleire skjønne ungar.
Skrive Høsten 2006!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar