tirsdag 28. april 2009

Caps Lock !

Caps lock

¨Det er utrolig irriterande når ein sit å skriv ein tekst, eller når du sit på msn eller skriv ein e-post, vel, eigentleg når ein skriv på data generelt, så sniker det seg inn nokon gigantiske bokstavar som ikkje hører heime nokon stadar. Det er sååå irriterandes og eg sit ofte å slår i tastaturet, banner og sver på at kven det no enn var som fant ut at Caps lock knappen skulle være sååå enkel å komme borti, så vil eg ein dag kvele han. Eg har ikkje funnet ut om eg skulle ha brukt heile tastaturet å slått han i hovudet eller om eg skulle gitt meg ut for å være ein meister- gourmet kokk og tatt den ledige kokkestillinga i kjøkenet hans og ”tilfeldigvis” miste caps lock knappen ned i blomkålsuppa som han er så glad i, og ”tilfeldig” servere suppa personleg, så eg kan sjå at han sakte kvelas av sjebnens ironi og ein caps lock knapp! Selfølgeleg ville jo sikkert mange mistenke at eg stod bak attentatet, men då bare rømmer eg landet og flytter til Langtvekkistan eller kanskje til Bloksberg, har hørt det er pent der også, men eg trur ikkje eg kjem overens med alle heksene.

Men dataverda ville sjølvsagt ha rast saman og delt seg i to parter der dei folka som elska Caps lock knappen såå høgt og rett og slett syntes det var den mest geniale oppfinninga sidan den trådlause musa . Og den andre delen, der eg ville ha vore formann, eller forkvinne i nemleg den delen som hatet den eine knappen såå inderlig at om den hadde vore eit menneske hadde vi ønska den død. Nei, død ville vært for snilt, vi ville ha kidnappa Caps lock og heile familien Caps lock : Fru Caps lock, Bestemor Caps Lock, Caps Lock Junior og ikkje minst Grandonkel CapsLocks bestefar Caps lock. Deretter hadde vi torturert dei på ein så umenneskeleg måte at samanlikna så ville helvete vært et paradis.

Det er bare til pass for folk som byggjer seg opp ei formue på andres irritasjon og frustrasjon. Bare tenk kordan verda ville blitt utan Caps locken. Folk ville ha sprunge rundt i gata og sunge ” I’m FREE!! Oh Caps Lock, Leave MEEEEE”. Alle ville ha levd saman i fred og fordraglegheit. Det ville bli slutt på all krig og roten til alt vondt, Caps locken, ville blitt brunne på stor flåtar som ein sette ut på sjøen og verden ville blitt ein Edens hage. Så forbered dykk! CAPS LOCKEN SKAL DØØØØØØ!!!!!


Oppg i norsk, skrive våren 2008

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar