Han stirte på meg. Eller var det ei ho? Eg visste ikkje heilt, men det slutta ikkje å stire av den grunn. Dei djupe kolsvarte auga grov seg inn i meg, som om dei prøvde å lese kva eg tenkte. Det var skummelt. Ein guffen følelse kraup oppover ryggen min som eit kaldt knivblad, smakte nesten på huda mi, for liksom å finna det svake punktet før det beit. Han, eller ho, eller, DET stirte framleis. Den vesle kroppen var nok ikkje meir enn ei og ei halv tomme, men var likevel stor til å væra så lita. Trådane rundt skein som sølv i det friske sollyset. Augene grov djupare og djupare, eg tykte eg kjende dei små hårete beina knipe saman om sjela mi. Eg venta berre på den augneblinken der sjela mi blei dradd ut av kroppen… Men det skjedde ikkje, det berre stirte vidare. Heilt utan grunn, eller kanskje ikkje HEILT utan grunn. Eg trur det hadde merka kva eg haldt bakom ryggen. Det største og farlegaste våpenet eg kunne finne. Eg pusta roleg, det gjorde dèt også! Hadde eg ikkje visst betre hadde eg trudd at det forberedte seg til kamp. Liksom kvessa gifttenna og innstilte seg mentalt for å tape. For eg visste at det ikkje hadde kjangs mot meg. Eg var sikker i min sak, sjølv om dei kolsvarte augene byrja å gi meg kuldegys. Den merkelege følinga hadde gitt seg no, men dei hårete beina slapp ikkje taket om sjela mi, dei hald fast. Det stirte på meg, eg stirte tilbake, ingen av oss rørde ein muskel. Plutseleg, ut av ingenting skar stemmen til mamma gjennom lufta:
- SANDRAAA! Det er middag.
Vi blei begge dradd ut av transen og vevkjerringa sprang oppover nettet sitt for å gøyme seg i ei hole, men eg var rask på labben og i ei handvending støvsugde eg vevkjerringa og gjekk for å ete middag.
- Skrive av MayLinn
Oppgave i Norsk våren 2008 !
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar